Bjørn Hermundstad's Avatar

Bjørn Hermundstad

@bhermundstad

Lett middelaldrande valdris busett i Bergen. Går i film, cinematek, breddefotball, lågare divisjonar, statistikk, lister, dialekt & Vazelina. Trivst på quiz under Bergen Spillfestival 😊 Letterboxd: boxd.it/3S2vB Colchester/Lyngbø/Øystre Slidre/Valdres FK

269
Followers
623
Following
1,398
Posts
01.01.2025
Joined
Posts Following

Latest posts by Bjørn Hermundstad @bhermundstad

Nybergsund-Brumunddal i 2. runde, den lukter det svidd av! Utan tvil rundas storkamp. Skulle gjerne vore der 22. mars, men får ha det til gode.

11.03.2026 11:36 👍 0 🔁 0 💬 0 📌 0

Hmm, faktisk ikkje sett. Takk for tips, den går rett på watchlista 😃👍

10.03.2026 09:31 👍 1 🔁 0 💬 1 📌 0
Post image

Dobbel dose Jessie Buckley i helga, ingen tvil om at dama har (på godt norsk) range. Ho er vorte ein aldri så liten favoritt. Isolert sett er nok Hamnet av disse eit par knepp bedre (dog litt seig), men The Bride! var ei sopass vill reise at eg berre slengte meg med. Vellykka kinotur! #filmskya

10.03.2026 09:20 👍 7 🔁 0 💬 1 📌 0

Dei fem desidert beste laga i 4. div i fjor (Brumunddal, Skreia, Nybergsund, Kolbu KK og Ridabu) avanserer altså frå 1. kvalikrunde med total målscore 50-1. Virker som dei er greit i rute i år òg 😅 #breddefotball #IndreØstland

09.03.2026 10:50 👍 1 🔁 0 💬 1 📌 0
La dolce vita (Federico Fellini, 1960) på MUBI.

La dolce vita (Federico Fellini, 1960) på MUBI.

Anneli Saaristo: "La dolce vita" for Finland i Eurovision Song Contest 1989.

Anneli Saaristo: "La dolce vita" for Finland i Eurovision Song Contest 1989.

Ooog avslutte helga med ein klassikar som både er knallgod OG får deg til å nynne på Finland sitt Grand Prix-bidrag frå 1989? Heilt greit det òg!

09.03.2026 08:33 👍 0 🔁 0 💬 0 📌 0
Manifesto (Julian Rosefeldt, 2015).

Manifesto (Julian Rosefeldt, 2015).

Og medan vi allereie var på MUBI, vart det òg plass til ein liten nattkino. Tredje gongen eg såg den, men å sjå på Cate Blanchett - og kun ho - i ein og ein halv time, det kan eg fint gjere fleire gonger 🌟

08.03.2026 14:16 👍 0 🔁 0 💬 1 📌 0

Dette var ein flott og solid trilogi, ja! Landa på fire stjerner på alle tre på MUBI, medan det vart 7, 8 og 9 på Letterboxd (til hhv. Hvit, Blå og Rød) etter litt opp- og nedrunding. Jepp, Kieslowski var ein svært dyktig mann #filmskya

08.03.2026 14:11 👍 5 🔁 0 💬 2 📌 0

Auda! Det var visst meir som hadde skjedd der før pause, gitt. Så hvis oppdateringane er korrekte, enda det til slutt med 0-22! Åtte mål av Rocky Lekaj, m.a., og dermed snipp, snapp for begge Valdres-laga.

07.03.2026 16:24 👍 1 🔁 0 💬 0 📌 0

Vang FK-Skreia 0-4 idet det går mot pause i Valdres Storhall. Kan vel ikkje seie det er så uventa.

07.03.2026 13:42 👍 1 🔁 0 💬 1 📌 0

Jepp, mange superlativ denne gongen, men når det er på sin plass - så er det på sin plass 😊

06.03.2026 17:13 👍 0 🔁 0 💬 0 📌 0

Fine gjensyn. Hustruer som build up til "Ti år etter", finurleg giallo med ei nesten useriøst pen Edwige Fenech, ei strålande Juliette Binoche i Blå, og ei herleg stumfilmoppleving med flott livemusikk av Kjetil S. Luhr og nydeleg vokal av Kristin Bolstad #LastFourWatched #LetterboxdFriday #filmskya

06.03.2026 16:55 👍 14 🔁 0 💬 1 📌 0

Aiaiai, Fagernes leda jo faktisk lenge mot Toten i hallen i kveld, men ser vel dessverre ut som det vart for tøft i ekstraomgangane og at cupeventyret er over for denne gong. Ny sjanse for dalføret på laurdag når Vang FK møter Skreia, det òg i storhallen (men det frykter eg nok vert *veldig* tøft)

05.03.2026 21:33 👍 0 🔁 0 💬 1 📌 0

Der har vi ein annan eg òg har, og enno ikkje har fått sett (minus eit par episoder eg har sett separat i andre settingar). Så den må òg "til pers" snart 👍

04.03.2026 15:19 👍 1 🔁 0 💬 0 📌 0

Har dei (og har for lenge sidan sett dei) på DVD, men vil jo tru dei ser merkbart bedre ut her. Har gløymt mykje, men hugser eg likte dei veldig godt.

04.03.2026 15:02 👍 2 🔁 0 💬 1 📌 0

Oi, og ikkje berre disse som forsvinn, nei. Voldsomt mange gode titlar og navn der no. Har heldigvis sett det meste, men plutseleg får ein jo lyst på gjensyn.

04.03.2026 13:31 👍 0 🔁 0 💬 1 📌 0
Post image

Nok ei god påminning frå MUBI.
Då skal eg få take meg sjølv i nakken her, reine evigheiter sidan sist eg såg disse (òg)! #filmskya

04.03.2026 13:24 👍 8 🔁 0 💬 2 📌 1

Dette er nok fasit for min del, ja.

04.03.2026 10:38 👍 2 🔁 0 💬 0 📌 0
Al Pacino som Michael Corleone i The Godfather Part III (Francis Ford Coppola, 1990).

Al Pacino som Michael Corleone i The Godfather Part III (Francis Ford Coppola, 1990).

Det går mot vår og fotballsesong, men enn så lenge er sundagane sopass rolege at vi får med oss denne òg. Hugser veldig lite av den, så "på høg tid" passar nok godt til dette gjensynet òg.

01.03.2026 16:06 👍 2 🔁 0 💬 0 📌 0

Apropos Marianne Mørk i Brødrene Dal: her leverte ho òg eit glitrande bidrag til serien vitsar eg ikkje tok før godt innpå konfirmasjonsalder (og knapt nok då) 😂 #tider

28.02.2026 16:08 👍 3 🔁 0 💬 0 📌 0

Strålande animasjon og utagerande tull og tøys. Borderlands og 1941 funka på sine vis, men spesielt *gode* var dei altså ikkje. Spirited Away er utvilsomt bedre enn fire stjerner, eg treng nok fyrst meir erfaring med Ghibli. Mr Fox sat som ei kule no òg 👍 #LastFourWatched #LetterboxdFriday #filmskya

27.02.2026 16:04 👍 15 🔁 0 💬 0 📌 0
Post image

Ikkje at eg uansett kjem meg dit, men no er sistnevnte kamp 👆 (for dei det måtte angå) flytta frå Børstad til Løten. Så fekk ein dytta inn litt #breddefotball denne fredagen òg 😊

27.02.2026 12:56 👍 0 🔁 0 💬 1 📌 0

Sporting er bra! Ikkje fordi det er "lettare", for det er det ikkje, men då slepp dei å møte nokon dei alt har møtt. Og ikkje minst: vi risikerer ikkje å få sjå revansje-trynet til Guardiola (denne gongen). Det var ille nok med Mourinho 😄

27.02.2026 11:59 👍 1 🔁 0 💬 0 📌 0
John Belushi som Capt. Wild Bill Kelso i 1941 (Steven Spielberg, 1979).

John Belushi som Capt. Wild Bill Kelso i 1941 (Steven Spielberg, 1979).

Apropos ikkje god, så må nok det same seiast om 1941. Ikkje Spielberg sitt beste øyeblikk. Men: John Belushi har eg ofte slitt litt med, men i denne synst eg han passa utmerket 😄

26.02.2026 08:37 👍 1 🔁 0 💬 0 📌 0

Hehe, omtrent det samme her. Følte ikkje eg totalt sett kunne lande på noko bedre, men den var akkurat det tullet og tøyset eg trengte denne gongen 😄

25.02.2026 12:20 👍 2 🔁 0 💬 0 📌 0

Også var det artig å sjå att Gina Gershon, då. Lenge sidan sist 🤩

25.02.2026 09:30 👍 1 🔁 0 💬 0 📌 0
Borderlands (Eli Roth, 2024).

Borderlands (Eli Roth, 2024).

God? Overhodet ikkje, men følte for ein dose lett og tullete underhaldning på tysdagskvelden, og der leverte den. Så håper eg jo berre at Cate Blanchett gjorde denne for moroa, og ikkje grunna dårleg råd... #filmskya

25.02.2026 09:25 👍 4 🔁 0 💬 3 📌 0

Gærningar! Rett og slett 😳

24.02.2026 21:57 👍 0 🔁 0 💬 0 📌 0

Okay, Glimt, dette her er sjukt allereie, men no byrjer det faktisk å bli *veldig* sjukt her 😯

24.02.2026 21:33 👍 1 🔁 0 💬 1 📌 0

Tenkte kanskje eg jinxa Glimt ved å setje på for 5 min sidan. Det kan eg jo framleis ha gjort, då, men...

24.02.2026 21:19 👍 1 🔁 0 💬 1 📌 0
Logo for Starhellinga Bævers/Romedal.

Logo for Starhellinga Bævers/Romedal.

Nordre Land, Vinger, Kolbu KK og Søndre Land vart dei fire fyrste til å avansere i Indre Østland. Neste kamp der er på fredag, mellom mitt nye favorittlag Starhellinga Bævers (okay, då, offisielt Romedal) og Løten ⚽️

23.02.2026 08:05 👍 2 🔁 0 💬 1 📌 1