Også i dag er det mange som treng vern.
www.marittotland.no
Har laga ein liten variant:
@marittotland
Som pensjonist har eg mykje erfaring i sekken, frå politikk på alle nivå, skule, leiing og helse. Prøver å bruka det utan å tru at eg har fasiten. Skriv bøker. Maler. Viser fram bilda på "Galleri Nauthydlaren" i Kvinnherad/på heimesida www.marittotland.no
Også i dag er det mange som treng vern.
www.marittotland.no
Har laga ein liten variant:
Av og til må eg minna meg sjølv på at det framleis finnast gode dagar og friske fargar i verda:
www.marittotland.no
Av og til må ramma malast på lerretet for å få rette stilen.
Motivet er Skudeneshavn anno 1865.
Denne fuglen finnest; blåfugl.
Naturen er fantastisk!
I ei tid som no, har en mest lyst å skjerma familien for alt vondt.
Det bli aldri for mykje håp i desse tider:
Ein fin tanke!
Eg fekk i oppdrag å laga framsida til eit blad som skulle ut til jul. Det måtte bli: I år treng me at fredsduene kjem med julepynten.
No er bildet blitt til julekort:
www.marittotland.no/kort/
Bokbad.
Tenk så heldige barna i dag er som veks opp med slike bibliotek. I mi tid var det «hysj, hysj»!
Dette måtte berre malast:
www.marittotland.no
Til å kvila augo på i ei kaotisk verd:
gallerinauthydlaren.blogspot.com/p/bilde-til-...
Eg er i gong med ny maleraptus. Dette er er:
Det var ruskut å leggja utpå.
Eigentleg var det ein illustrasjon til EiT julehefte, men den ligg fleire lag under dette. Med gull - som no er godt bevart.
gallerinauthydlaren.blogspot.com/p/bilde-til-...
Kan eg skifta e-post som denne kontoen er registrer på? Nokon som veit?
Dette malte eg for nokre år sidan. No har eg laga kort av det (15x15cm). Så då blei det eit heller politisk motiv i utvalet, - som ligg her:
www.marittotland.no/kort/
Inferno: Eit folk ufrivillig på vandring. Ikkje soldatar. Kvinner, menn, barn på mors arm, olding støtta til staven …
Takk! For kvar gong eg høyrer nyheter, blir teksten dessverre meir aktuell.
Kva skal me svara etterkommarane når dei spør korleis dette kunne skje? Når me fulgte tragedien og uretten dag for dag?
Eg har nølt meg fram til å offentleggjera mine tankar om Gaza og støtten Israel nærast utan vilkår får i nokre miljø.
Du kan lesa det her, om du vil:
www.facebook.com/share/1AcPRK...
I dag har det vore innrammingsdag her. Mange små og nokre større glimt frå Skudenes er komne i glass og ramme og har fått pris. Det har også dette maleriet av Beiningen anno 1908, eit stykke loshistorie. Bilda ligg her for dei som vil sjå seg om der turistane sjeldan er:
www.marittotland.no
Kvifor klør eg meg i hovudet når eg lurer på noko? Eller når det er noko eg ikkje får til?
Skjer det noko i hodebotnen når hjernen svirrar ekstra mykje - noko liknande som når håra reiser seg på hovudet ved sterke inntrykk?
Ja, den drøfta utan å drøfta. Og den ordknappe greven hadde av og til eit språk der han sa mykje meir enn han sa i situasjonen.
Mykje å tenkja på vidare etter og ha sett Greven av Monte Cristo. Eller skal me kalla filmen «Prisen for hemn»?
Kan eg kalla meg fastbuande på ein stad eg flytta frå i 1976? Hjartet mitt har jo ikkje flytta.
Eg vaks opp ein rusletur herfrå.
Fint å vera på Bluesky og finna att mange gode gamle frå tidleg-Twitter.
Intens maleperiode her no. Om du vil, kan du sjå det eg har begått, her: www.marittotland.no
I tillegg blei dette gjort ferdig i dag; med fargar inspirert av ein episode i Symesterskapet UK
Godt å få tankar og kjensler over på lerretet. I dag blei det fredsdua som nokon bør senda av garde.
www.marittotland.no
Cubakrisen - eg forstod ikkje stort - som den vesle jenta eg var. Men tante som var komen på besøk frå Amerika, pakka kofferten og drog heim på dagen. Hugsar at det kjennest i magen. Same kjensla som i dag …
Dei første paraplyane malte eg då Ukraina var trua av krig; Som vern mot alt vondt. Som lys tross mørkret. Som ei bøn? I dag kom ei ny rekke på lerretet, - eit bilde som har stått halvferdig i nærere eit år. For no måtte håpet fram igjen:
www.marittotland.no
Etter ein time med nyheter, søkte eg til stafeliet og gjorde ferdig dette. Kallar det Fred.
www.marittotland.no
Verdsbildet og virkelighetsoppfatninga har så uendeleg avstand - tenkte då eg såg nyhetene i dag.
Heilt i tråd med Luther: Om Jesus kom igjen i morgon, ville eg ha planta eit tre i dag.
"Menneskehjernen er kodet til å huske gjennom treffende anekdoter og historier, mens abstrakte forhold blir borte. Om man glemmer å fortelle ... mister faghistorien et avgjørende verktøy i kampen mot glemselen". Bergsveinn Birgisson/2023.
Eg trur Birgisson har eit poeng.
Magistra vitae! I dag har eg lært at det er ord frå Cicero som i antikken fortalte oss at historia er livets læremeister. - Godt å vita når eg bruker timevis for å studera gamle kjelder; tingbøker, sjømannsrullar og kyrkjebøker m m for å skriva historiske romanar og sakprosa - om levekår og samfunn.