Våga ikkje å røra dei.
Våga ikkje å røra dei.
Dette er veldig snodig.
1. Kva lag burde vera det siste til å klaga på at kampane kjem tett, og som ikkje vil stilla til seriestart 14. mars, når andre lag spelar 15., 19., og 22. mars?
2. Sist gong seien ikkje var i gang før 15. april (utanom korona) var i 1995.
Fakta er ikkje så nøye.
Sett på Nymark: Restavfall og spesialavfall. Eller boss, om du vil.
Koffor har ingen fortalt meg at fleire av karakterane i Calle Hellevang Larsen sin nye serie er kalte opp etter gamle Brann-spelarar? Geirmund Brendesæter vert funnen død i ei campingvogn, Frank Strandli er statsminister, og Martin Andresen er kuratoren til dronninga. Må visst sjå resten òg …
Men ræveknusar, gjerne etter «ein gong ani», «gris» eller «ein gong nedi» er jo òg ein klassikar. Bevares.
Usikker. Trudde vinnarstraffe var meir enn nok i «proff og loff».
Til deg som trudde barn berre var på skjerm: Neida, på Nymarksbanen vert klassikaren «Proff og loff» utøvd av unge og håpefulle.
Bergen var ein gong byen som var villig til å satsa, sjølv om staten var gniten og treig. Nærmast utan hjelp greidde byen å bygga bygg og institusjonar som ikkje stod tilbake for noko. Den byen er ikkje heilt til å kjenna igjen. www.ba.no/kor-vart-det...
– Modig, klok og kynisk, sa Freyr i pausen. Hallo, Freyr! Dette er Brann! Her er det feig, dum og naiv som har vore oppskrifta i nesten kvar kamp sidan 1908.
Leve overtenningen!
Palle sitt skyhøge tenningsnivå smitta over på både Huseklepp og Viaplay-reporteren i før-kampen-intervjuet. Dei skrudde opp intensiteten ti hakk. For ein mann! Euro-Palle fiksar biffen i kveld. ❤️🔥🔥❤️🔥
Den norske idrettsmodellen, som dei siste dagane gar fått internasjonal merksemd, er under press og vert ofte latterleggjort på heimebane. Det er no på tide at fleire stiller opp for ein modell som ikkje berre skapar gull, men gode lokalmiljø, folkehelse, og demokratilæring.
Idrettsleiarar som veivar med flagg på avslutningseremoniar. Der har du litt av ein gjeng …
Seremoni på arenaen i Verona er fint det. Men kjem ikkje Sissel snart?
Jesus lever, iallfall, sjølv om han chilla han på benken heile kvelden.
Bjørgen: feiltrent. Alsgaard: lagt opp. Northug: fekk ikkje vera med. Hetland: feila.
Bortsett 2018, då anonyme Haga og Krüger vann, er det berre dei store skiikona som har vunne OL på distanse.
Utan stjerner vert det sjeldan gull. Mellom Formo (76) og Ulvang (92): Null individuelle gull.
Ho tok ikkje. Ho annekterte.
Denne hockey-finalen i OL er på høgde med det aller beste eg har sett i Badekaret på Slettebakken.
Akkurat som i badekaret, jo!
Atle Lie McGrath har noko å læra til alle menn som ikkje greier å snakka om kjenslene dine, og slit med sjølvregulering. 1. Kast eitt eller anna. 2. Gå ein tur i skogen. 3. Skaff deg litt åleinetid. 4. Still opp og forklar deg med rak rygg på norsk, engelsk og tysk.
Dagurdraumar i februar.
🇳🇴🫎🌲Norge var annleislandet der kongen tok trikken, statsleiarar fekk servert makrell i tomat heime hjå utanriksministeren, og statsbesøk skjedde på hytta eller garden til statsministeren. Den norske livsløgna er no stein daud. Likevel: Leve livsløgna. Den er langt mindre usmakleg enn alternativet.
Det heng saman med at den same målinga er brukt i fleire ulike saker.
Kva googla du i 2011?
Beklager, folkens! Eg har meldt meg på diskusjonen eg burde ha halde meg langt, langt unna. Heilt rett; den diskusjonen som er like smal som som skiene austlendingane vert fødde med. Ja, den om det er lov å ploga i skiløypa eller ikkje. Eg kan ikkje anna enn å åtvara deg. www.ba.no/toler-ikkje-...
Dei kan fort vera borte for å laga plass til andre. Finne og Soltvedt derimot. Bankers.
Viaplay tar ingen risiko. Promoterer neste europaligakamp med dei to spelarane dei er sikrast på at ikkje vert selt før vinduet vert smelt igjen.
Akkurat som om eg skulle ha sagt det sjølv…
Ja. Kanskje er planen å møta Bologna/Genk med Sande og Pedersen som indreløparar.
Med den logikken har Brann holdt nullen borte mot Molde sidan tidleg 2000-tal. Likar tanken.