Ja, men kva med John Prine?
Ja, men kva med John Prine?
Lang, lang kjede. Frå Dubai til Fujairah.
Og så eg då som trudde at St James, St James' og St James's var sjukehus i London, Leeds, Dublin og slike stader😉
Saknar enno nokre fine folk, då😊
Dersom Putin og Trump legg ned våpna no, kva vil skje då? Eg er no berre ein av oss synsarane, men det verkar som om Putin har sett i gang noko berre han kan stoppe. Akkurat det motsette er tilfelle med Trump. Og det er no akkurat det motsette av det dei seier.
Litt rart. For 30 år sidan var det lenge mellom kvar gong eg ikkje fekk Vårt Land på dagen.
Det er no ombering berre 2 dagar i veka, tysdag og fredag, dagane då lokalavisa, Møre-Nytt, kjem ut. Det kjennest litt rart ut. Det var berre det.
Folketalet i Ørsta er omlag 11000. Vel 7500 av ørstingane bur i sentrum. Sjølv bur eg omlag 2km frå rundkøyringa der Ivar Aasen sit og fyl med på trafikken. No er det blitt slik at det for meg ikkje er vits i å abonnere på dagsaviser lenger.
"Datasenter prioriteres ikke, isolert sett", seier energiministeren. Men kven vert prioritert "isolert sett". Handlar ikkje prioritering om å sjå saker i samanheng?
"The Midas and Ikaros-defying Elon Musk"
Dei fleste kjenner til soga om kong Midas og gullet. Moralen i soga også. Formua til Elon Musk tilsvarer no omlag 4,7 millionar kilo gull. Eit kg gull kan trekkast til ein tråd på 2,4 km. Dette vert ein tråd tilsvarande bortimot ein tiandedel av avstanden til sola. Både Midas og Ikaros der, altså.
Og ikkje minst tid.
Les på framsida av Dagbladet at Trump fylgjer magefølelsen. Ikkje sagt det er så dumt. Kan no godt vere at det er den delen på han som fungerer best.
Støvsugardronetone. Det kan verte musikk og song av slikt😊
Eg vil ikkje påstå at dette er eit heilt tilfeldig utsnitt av verda
No er vel kanskje ikkje Nettavisen og Sissener sine lesarar heilt representative for norske skattebetalarar, men likevel...
At det var?
KI har synt seg heilt suverent når det gjeld å avlive menneske. Men var tydelegvis heilt ubrukeleg til å føresjå at oljeprisen vil stige mot himmelen når ein driv på slik. Ikkje sunt bondevit med andre ord.
Samd. Og eg er bortimot fråhalds.
Nydelege stader med mykje høg himmel for ein som stort sett har budd mellom fjell og fjord😊
Knappe 2 km unna garden mor mi vaks opp på, som næraste nabo til Vigdelstranda. Mange fine barndomsminne. Som tåkeluren på Feistein😉
Dialektane endrar seg heile tida, men om eg skulle seie dette, hadde det nok blitt "Ei stød en stad i bya". Og for ørstingar er bya einsbetydande med Ålesund.😊
Det skulle ein kanskje tru, men stumme d-ar har vore mangelvare her omkring. Eg seier haud, saud og stød når eg ikkje knotar 😉
Om ein spurde Vassendgutane hadde dei nok sagt "Ei stød enj stad i bya". Eg og droppar i-en og når eg prøvar meg fram ligg den n-en og luktar på palataliseringa. Så gamal er eg😉
Akkurat. Men når eg skal kjøpe det, er det strø eller spon som gjeld.
"Ei stød ein stad i bya" Fin setning på ørsting. Muntleg sløyfer vi ein av bokstavane. Kva for ein trur du?
"Sagamask", det er jammen eit ord det er lenge sidan eg høyrde nokon bruke.
Nei, det var ikkje noko særskilt i dag. Det slo meg berre i og med dei farlege ideane hans og rolla han har fått.
Stephen Miller er no ein slags Rasputin.
Du er dagens mann, Per. På minst to måtar😊