Skal me tippa at Fjågesund ikkje er så veldig fjåg etter å ha lese denne meldinga?
Island in a Lake on an Island in a Lake on an Island
Namn på pønkband
Mansfield og alkohol har me jo snakka om før.
Cheyenne, den største byen og administrative hovudstaden i Wyoming, har ca. 20 000 færre innbyggjarar enn Sandnes og meir enn 30 000 færre enn Mansfield, Englands Nærbø.
Her er ein tekst om "sørlig etablert sanddynemark", som er ein del av den overordna naturtypen sanddynemark og ein av dei 111 naturtypane Miljødirektoratet har registrert i Noreg. Forvirrande nok er det ingen naturtype som heiter nordleg etablert sanddynemark.
Men "sørleg" er meir attraktivt enn "nordleg"? Eg greier aldri å hugse om dette skjedde i røynda eller i ein West Wing-episode, men det var iallfall at Nord-Dakota ikkje ville kallast Nord-Dakota meir fordi ordet "nord" gjev assosiasjonar til kulde og mørker, som er lite turistvenleg.
Har du høyrt om byen Hohhot i Indre Mongolia? Der ligg hovudkvarteret til Mengniu Dairy som er ein av sponsorane for fotball-VM. Hohhot har 4,8 millionar innbyggjarar og eit gigantisk Djengis Khan-monument. Dette er då altså ein by i Kinas 24. mest folkerike region.
Hm. Så den einaste kjelda til tesen om at det finst ein nordleg og ein sørleg type sandstrand er påstanden om at Farstadsanden er den nordlegaste stranda av den sørlge typen, og denne påstanden eksisterer det ikkje noka grunngjeving for eller utdjuping av?
Kva er den austlegaste stranda av den vestlege typen?
Ja, for det er jo ikkje gjeve at den sørlegaste stranda av den nordlege typen er lenger nord enn den nordlegaste av den sørlege typen, sjølv om det er lett å anta?
Eg er sikkerpå at det stod ei god forklaring på dette på eit hendig inforskilt ved Farstadsanden då eg var der i fjor haust, men no hugsar eg det sjølvsagt ikkje.
Eit av mine absolutte favorittfunfacts om lokalisering!
Viss du ikkje snakkar norsk kan det jo vere lett for å blande farsa med Farstad, som er ein tettstad i Hustadvika kommune.
😬
Det galnaste av alt her er at viss du ikkje har sett videoen er det umogleg å vite om Pea Wet Bum er ein matrett eller ein tettstad i grevskapet Worcestershire
Ah, storbritane! For ein gjeng.
Ok, men då må ein del av Stavanger få namnet "Vest-Stavanger" og tilhøyre Vest-Jæren. Det må byggjast ein mur kring Vest-Stavanger etc. Dette vert mykje styr.
Vest-Jæren kommune
Det er 76 cityar i Det Sameinte Kongedømet. Colchester, Doncaster, Milton Keynes og Southend-on-Sea fekk alle city-status så seint som i 2022.
Ja, det er ein distinksjon me ikkje har på norsk. I Noreg er det jo heller ikkje lenger nokon formelle rettar eller krav knytt til det å vere by, medan i Det Sameinte Kongedømet må du framleis formelt ha godkjenning frå monarken for å kunne kalle byen din "city".
Mansfield fekk status som marknadsby allereie på 1200-talet, noko som vel tilseier at det må ha pågått ein del landbruk i området den gongen. Men på 1800- og storparten av 1900-talet var kólutvinning den viktigaste næringsvegen.
Ah ja, Kansas City i Missouri, USAs 38. største by.
Eg trur dette har noko med måten USAnarar førar statistikk, der "city" "urban" og "metro" - tre ord ein skulle tru tydar omtrent det same - er tre heilt forskjellige ting.
Viss eg forstår det rett har Mansfield kommune om lag like mange innbyggjarar som Hå, Time, Klepp, Sola og Randaberg til saman. Det er ein veldig metropol!
karmøyskólen
Ein forvirrande ting med å vere norsk er at eg umedvite føresteller meg andre land i same skala. Så når eg les at Arsenal sleit mot Mansfield i FA-cupen tenkjer eg at Mansfield er ein plass omtrent på storleik med Nærbø. Så sjekkar eg internett og der står det at Mansfield har 98 000 innbyggjarar 🤷♂️
Kiropraktikk vart popularisert i Noreg gjennom TV-serien The Julekalender (1994), spesifikt songen "Knokkel Pukkel Man" som inneheld tekstlinjene "I've got infiltrations in my neck/I think I need a kiropraktorcheck". Etter dette skaut etterspurnaden etter kiropraktisk behandling kraftig i veret.
Ja. Det er veldig enkelt. Det som må gjerast er å avskaffe VAR. VAR står i ledtog med Belsebub. Kong Herodes og Djengis Khan ville ha meint at VAR rulte viss dei hadde levd då det vart innført.
Dette er jo enormt interessant og burde vore gjenstand for forsking! Kva slags ordforråd og dermed føresetnader for å lukkast i det norske samfunnet får du viss du lyttar til Black Debbath samanlikna med lat oss seie Seigmen, Kaizers, Vømmøl eller Ravi & DJ Løv?
Synd at Lars Martin Myhre ikke er her for å tonesette dette.