Heilt klart at ting kunne vore gjort annleis, men om det hadde påverka debattnivået nemneverdig er eg usikker på. Det er berre å sjå på det generelle debattklimaet.
@arvehelle
Leiar i Hovudutval for samferdsle og mobilitet i Vestland. Styreleiar i NFF Sogn og Fjordane. Sosialdemokrat. Langt over snittet interessert i fotball. Stort hjarte for lokalfotballen, Brann og Manchester United. Engasjert og pratesjuk!
Heilt klart at ting kunne vore gjort annleis, men om det hadde påverka debattnivået nemneverdig er eg usikker på. Det er berre å sjå på det generelle debattklimaet.
Eg vil utvikle, ikkje avvikle.:)
Eg er kritisk til korleis det har fungert, men er overbevist om at teknologien - saman med betre opplæring av dommarane- vil forbetre det kraftig framover. Samstundes så er det noko med at alt som skal avgjerast av menneskeleg skjønn blir gjenstand for diskusjon.
Eg trur nok i dette tilfellet at det er like stor sjans for at hard core VAR-motstandarar «brukar» breddeklubbane som at dei berre utan vidare gjer som forbundet anbefalar.
Veldig usikker på om det blir noko fleirtal for VAR. Trur du undervurderer breddeklubbane om du oppfattar dei som stemmekveg.
Styret kunne gjort det enkelt for seg sjølv og følgt fleirtalet i NTF. Når dei ikkje gjer det og meiner sterkt at det er viktig å behalde VAR, så anerkjenner eg dei retten til det.
Eg forheld meg til at når tinget har sagt sitt så har demokratiet talt, enten det blir ja eller nei til VAR.
Eg er einig i at det er ein bekymringsfull retorikk, men det gjeld jammen supporterane også. Det er f.eks ein retorikk og karakteristikkar av presidenten i ordskiftet som er langt over streken.
Så lenge demokratiske prosessar har føregått “etter boka” bør ein akseptere dei.
Når du ber folk med posisjonar om å gå ei runde med seg sjølv og eigen retorikk, så reknar eg med at det gjeld supportermiljøet også…
Så om breddeklubbane bikkar fleirtalet for VAR, så er det ikkje demokratisk?
For ein vanvittig patetisk opptreden av Viking-spelaren som framprovoserer det raude kortet på Haugesund-keeperen. Få det langt vekk! #eliteserien
Føler på det same, Davy, men tenker det går seg til.
På X ser det ut til at til at ytre høgre har overtatt fullstendig, i alle fall i min feed, så den plattforma har eg tenkt å fase ut.