Morten Øen 💛💙Ї🇺🇦's Avatar

Morten Øen 💛💙Ї🇺🇦

@morten.rart.no

Nei, eg er ikkje forfattaren/fotografen med same namn. Mann med ein innekatt. Postar heilt på eigne vegne. Insta: morten.nb.oen

799
Followers
549
Following
376
Posts
11.08.2023
Joined
Posts Following

Latest posts by Morten Øen 💛💙Ї🇺🇦 @morten.rart.no

"Back to the eighties", sang Tramteateret i 1980, i låta ført i penn av Garvang og Nordby

Det var med stor optimisme for framtida dei sang til oss at "La åttiåra komme, det er de du kan gjøre no' med"

Det er ein optimisme å lengte attende til og halde fast i, når galskapen råder i verda i dag

09.03.2026 12:22 👍 0 🔁 0 💬 0 📌 0

bsky.app/profile/nanc...

01.03.2026 15:33 👍 1 🔁 0 💬 0 📌 0

Eg ser for meg når bodet kjem for å hente pakka, og skal plukke den opp, og gjer seg klar for å pukke opp noko som kan løftast mellom eit par fingrar

01.03.2026 15:28 👍 1 🔁 0 💬 0 📌 0
Gamal ho-katt med skilpaddemønstra pels med kvitt snueparti og bryst, sitjande på ein bordkant, har snudd hovudet litt til venstre for å sjå delvis mot kamera. I bakgrunnen utsikt frå eit vindauge ned mot gata

Gamal ho-katt med skilpaddemønstra pels med kvitt snueparti og bryst, sitjande på ein bordkant, har snudd hovudet litt til venstre for å sjå delvis mot kamera. I bakgrunnen utsikt frå eit vindauge ned mot gata

Min snart 18 år gamle katt, Fride, mildt forstyrra av fotografen medan ho sat og såg på livet i gata

#catsofbluesky #katt #cat

22.02.2026 09:13 👍 3 🔁 0 💬 1 📌 0

Eg er ikkje medisinsk utdanna, men det her verkar som Trump lever i ei fantasiverd, der president-administrasjon berre spelar med? Er det demens eller ei slags psykose han har?

22.02.2026 08:55 👍 3 🔁 0 💬 1 📌 0

Det er lite innan brødmat som slår fersk brødskalk med godt smør på

Det måtte eventuelt vere fersk brødskalk med godt smør på, og eit tynt dryss Gastromat

20.02.2026 18:10 👍 1 🔁 0 💬 0 📌 0

Få nokon til å halde pinnane i telefonkontakta medan du slår eit nummer!😅

14.02.2026 22:14 👍 0 🔁 0 💬 0 📌 0
Preview
AUF vil bytte navn på båt ved Utøya oppkalt etter Thorbjørn Jagland AUF båt ved Utøya, MS Thorbjørn, er oppkalt etter Thorbjørn Jagland. Nå vil AUF-lederen bytte navnet. – Thorbjørn Jagland har vært leder i AUF, og båten på Utøya ble døpt etter ham i 1997. Som en kons...

Berre eit innspel til @gautebs.bsky.social:

Kva med å oppkalle båten etter Thorbjørn Berntsen?

www.nrk.no/nyheter/auf-...

13.02.2026 15:10 👍 1 🔁 0 💬 0 📌 0

Kva med å kalle den opp etter Thorbjørn Berntsen?

13.02.2026 15:08 👍 1 🔁 0 💬 0 📌 0

Ikkje for dét, adressa til føretaket, som ikkje finnast lenger, har Gule sider oppdatert til min nye adresse, kvar no enn dei har fått den frå, ettersom dei ikkje ser ut til å få med seg nyare oppdateringar frå Brreg enn tre år ... 🤦🏻‍♂️

11.02.2026 13:46 👍 0 🔁 0 💬 0 📌 0

Svaret eg får er at Gule sider kjem ikkje til å gjere noko med min sak, for dei får sine data frå Brreg, så eg må ta kontakt med Brreg og få det endra om eg meiner det er feil ....

På eit føretak som er sletta i Brreg for snart tre år sidan!!!

11.02.2026 13:46 👍 0 🔁 0 💬 1 📌 0

For å ordne opp, bruker eg feilmelding på nettsida til Gule sider, og finn ein feilmeldingskategori som høver heilt perfekt til problemet mitt, nemleg at mobilen min står oppført på eit føretak, og forklarar feilen

11.02.2026 13:46 👍 0 🔁 0 💬 1 📌 0

Søkjer eg derimot andre vegen, frå mobilnummeret mitt, kjem det opp som kontakt til føretaket som har mitt fulle namn på føre-, mellom- og etternamn. Det enkeltpersonsføretaket er sletta i Brreg for over to og eit halvt år sidan

11.02.2026 13:46 👍 0 🔁 0 💬 1 📌 0

I samband med at eg har flytta, driv eg på og oppdaterer adresser her og der, eller sjekkar at det er oppdatert

1881 ✅
180 ✅
Gule sider ....

På Gule sider kjem eg ikkje opp, korkje på føre- og etternamn eller fullt namn med føre-, mellom- og etternamn

11.02.2026 13:46 👍 0 🔁 0 💬 1 📌 0
Skjermdump av vg.no med tre saker som alle har tittel "Beklager" gruppert saman

Skjermdump av vg.no med tre saker som alle har tittel "Beklager" gruppert saman

VG har funne sin hovudvinkling for nyheitene i dag

11.02.2026 10:10 👍 1 🔁 0 💬 0 📌 0

Elden Ring i story mode hadde vore ei fin greie for meg. Eg har berre klokka eit par-tre timar på det spelet då det var nytt, og blitt knørva til blodpøl eller ramla utfor kanten sånn om lag kvart femte minutt av den tida. Då mista eg interessa, og har ikkje prøvd på att

10.02.2026 16:05 👍 0 🔁 0 💬 0 📌 0

The latest submission date for a nomination is 31st January each year, so a bit too late for the 2026 Prize, but as a head of state, she is herself qualified to nominate. She can nominate them for the 2027 Prize. Worthy candidates, indeed!

07.02.2026 10:07 👍 0 🔁 0 💬 0 📌 0

Eg ville seld meg ned til ein praktisk liten eitt plans på 50-60 m² med romsleg bad, relativt lågt i blokk med heis, og brukt pengane på opplevingar medan eg hadde helse - eventuelt teke opp lån på den om eg framleis har helse når dei frie pengane er brukt opp

Der er planen min for alderdommen

05.02.2026 10:10 👍 6 🔁 0 💬 1 📌 0

Eg er sånn ca 3/16-del innvandrar for eigen del (far 1/4 og mor 1/8), men eg er vel ikkje rekna med av Frp, siden innvandrardelen av meg ser etnisk svensk på båe sider

02.02.2026 12:41 👍 0 🔁 0 💬 0 📌 1

I'd say Schröder has a "broader political situational awareness" (if that's an expression) than Jagland, knowing some of Jaglands backstory. A couple of times he drifted upwards as a kind of the less controversial alternative candidate, rather than by actual prowess and sharp elbows - but maybe, yes

01.02.2026 17:19 👍 4 🔁 0 💬 0 📌 0

Ja, det betyr definitivt at Jagland hadde fått med seg noko av det Epstein dreiv med, om enn han ikkje forstod omfanget eller graden av alvor i saka

Eg har inntrykk av at Jagland generelt har veldig vanskeleg for å forstå korleis han framstår

01.02.2026 11:55 👍 6 🔁 1 💬 0 📌 0

Ser poenget ditt, men Jagland flaut opp til toppen under leiarskapen til Sissel Rønbeck, i eit AUF som var desimert til nesten ingenting i kjølvatnet av EF-kampen i 1972. På papiret mange att, men kanskje berre så vidt innpå firesifra reelt medlemstal ei tid rett etter 1972

01.02.2026 10:06 👍 2 🔁 0 💬 0 📌 0

Trur eg ser poenget ditt. At dei må bruke så mykje rå makt at dei misser enno meir støtte, og må bruke enno meir makt att om dei vil halde fram?

01.02.2026 09:37 👍 0 🔁 0 💬 1 📌 0

Jagland har ikkje slått meg som den veldig store menneskekjennaren, men heller ein som trur litt for vel om andre til det motsette er bevist. Eg håpar for Jagland sin del at det var frå den plassen den kommentaren hans òg kom

01.02.2026 09:35 👍 7 🔁 0 💬 5 📌 0

Det eg tenkte var at GOP blir meir fragmentert når dei tør ha eigne meiningar att, slik at det ikkje blir same kollektive galskapen

Dems er liksom ikkje direkte feilfrie, dei heller, så eg ventar ikkje under frå den kanten, sjølv om det hadde vore fint

01.02.2026 09:26 👍 0 🔁 1 💬 1 📌 0

Akkurat det med sjansen for å døy, aukar for så vidt automatisk med tid, så på eitt eller anna tidspunkt vil me få rett, men her tenkte eg det mest som at han kunne komme til å stryke med før demensen tek overhand

No er heller ikkje forventa levetid med demens normalt veldig lang

01.02.2026 08:03 👍 1 🔁 0 💬 1 📌 0

Ikkje at eg trur styret av USA blir noko betre under Vance, men i det minste har ikkje han same grepet rundt korkje GOP eller MAGA-kulten

01.02.2026 07:45 👍 2 🔁 1 💬 1 📌 0

Eg er ikkje kvalifisert til å diagnostisere, men Trump ser ut til å raskt vise aukande mengd trekk og veremåtar som ein elles ser hjå demente

Eg trur Trump anten er blitt så ravande borte frå verda innan sommaren er over at han blir fjerna av sine eigne, eller kanskje rett og slett har døydd

01.02.2026 07:43 👍 1 🔁 0 💬 2 📌 0

Av dei norske som er omtala i det siste sleppet av Epstein-dokument, fokuserer tydelegvis nesten alle her i landet på den som har mist reell makt av dei

Ja, eg er ikkje særleg glad i dama, men det er andre norske i dokumenta som har hatt vesentleg meir makt, som hittil har sleppe billeg

01.02.2026 07:38 👍 2 🔁 0 💬 0 📌 0

Eg er ikkje ein sånn som klagar på kulda, men no tek eg til å lengte litt etter å kunne klage på varmen

31.01.2026 10:11 👍 0 🔁 0 💬 0 📌 0