ja, eg er her eg også og tek opp omtrent like mykje rom som du ser du meg, eigentleg, eller er du hilda, og ser kun noko framand du ikkje tør verte betre kjend med? eg er ikkje høyrselshjelpemidla mine, teiknspråket mitt eg er ikkje synshjelpemidla mine, blindestokken min eg er ikkje framkomsthjelpemidla mine, protesene mine eg er ikkje stimminga mi, stotringa mi, ticsa mine, høyrselsvernet i bybiletet eg er ikkje legninga mi, kjønnsidentiteten min eg er ikkje morsmålet mitt, kulturen min som eg tok med meg hit og som du ikkje kjenner eller forstår hjartet mitt bankar likt som ditt ser du meg, eigentleg? maktar du å sjå forbi det som gjer deg usikker?
Framsida av diktsamlinga Det er ikkje mine sko du ser av Tone Bakke, Publica 2024. Teksten er i kvitt. Eit par brune skinnsko går på ein asfaltert veg. Svart skinnbukse. Lyset frå sola gjev gyllent gjenskin i læret på skoa.
Ja, eg er her eg også!
#toleranse #inkludering #likeverd #menneskeverd #diktPåNynorsk #dikt